Side:Garborg - Haugtussa.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Mor — Mor, eg er so rædd.
Her er so stygt og svart.
Og, du, — i Grave-Heid,
der saag eg noko rart» . . .

«So, Barn; her er du trygg.
Her naar deg ingin Draug.
Kom, set deg. Vart du skræmd?
Eg høyrde kor du flaug.

Her; drikk ein Drope Mjølk.
Og roa deg ei Rid.
— Eg kvakk! So vel eg aldri
visst høyrde Fylgja di.»

VESLEMØY


Ho er mager og myrk og mjaa
med brune og reine Drag
og Augo djupe og graa’
og stilslegt, drøymande Lag.