Side:Garborg - Haugtussa.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Og ute er det svart,
og ute er det stygt,
og ute uler Vinden;
— «aa gjer det fredt og trygt!

Og midt paa svarte Heid,
der flyg den Arming no
med Ryggen kald av Rædsle;
aa send ho heim i Ro!

Eg høyrer inkje meir . . .
Aa, hjarteleg eg bed,
aa send mi Veslemøy
til Mor si heim med Fred!» —

Daa høyrer ho paa nytt
den same skræmde Gang,
det same Andetak,
det same Livsens Sprang.

Upp Døri flyg med Brak;
inn stuper Gjenta kvit
med Munnen turr og opin,
med Augo utan Vit . . .