Side:Garborg - Haugtussa.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

«Kva er det som tyt og aldri tegjer
i villan Heid?»
«Bekken han tyt og aldri tegjer
paa langan Leid

«Kva er det som høgger heile Dagen
og Flis ikkje fell?»
«Klokka ho tikkar heile Dagen
og lange Kveld.»

«Stogo full av den graae Ull
som ingin kann taka?"
«Røyken er denne lette Ull,
som ingin kann maka

«Det kjennest paa mjuke Kattesnute
baade varmt og kaldt;
d'er ikkje inne og ikkje ute,
men tekt yvi alt?»

«Og ikkje inne og ikkje ute,
baade varmt og kaldt,
det er i Glase den klaare Rute
med Tak yvi alt.»