Side:Garborg - Haugtussa.djvu/209

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Burt kvervest Taarn og Tuftir
og Haugar og alle Bøar.
Som gløypt og gøymt av dei store Votn
ligg Land under Tòkusjøar.
Alt er som var det paa Havsens Botn.

I lyngsvarte Markir inne
Veslemøy Smalen sankar.
Eit Havbrak susar fraa Vestansjø
med Tòt og tunge Tankar.
Ho glett i Holke og Flekkesnø.

I Skodda inn ho hildrast
og um paa Villheidi tumlar;
dregst av Rop og flakkande Ljom
og Gulp som or Aai mumlar.
Det vaknar og lìver med Tussedom.

Upp or dei djupe Hyljar
stig som glidande Skuggar
Nøkken blaa paa sin halve Hest
og Vasstroll med vaate Luggar.
Dei okar seg fram som dei orkar best.