Side:Garborg - Haugtussa.djvu/208

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Aat Sengi att ho vender;
ho vart so arm og veik.
Og heite Taarine brenner
ned yvi Kinni bleik.
Ho vrid seg Nætar og Dagar
ho inkje Kvild kann faa;
so saart ho kvider og klagar,
at lenger ho lìva maa.

Med Hagl og Holke-splintir
og Isvind og Drivesnø
den sture Ettervinter
seg klengjer til Bygd og Bø.
Det er so vonde Tidir
med Skifting att og inn; —
det er dei siste Stridir,
fyrr Vaaren kjem og vinn.

I BLAAHAUG

Vaat heng den tunge Lufti.
Det dryp av Kvistir og Runnar.
Myrkeskodd velter ollande inn
or Hav og Himil-Grunnar
som Skuggen lett og som Natti stinn.