Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/207

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Der inne i gamle Stova
paa Sengi høg og mjuk
maa Gislaug ørski sova;
so braadt ho lagdest sjuk.
Ho søv til Syrgjelundar
som døyvt gjenom Huse smyg;
so læt det med mange Munnar,
naar Vestavinden syg.

Ho søv til Syrgjetonar
av Vestan-Sòg og Tòt.
Ho trur og visseleg vonar,
det er hennar Likferds-Laat.
Naar Guten, ho sorgfull miste,
rid Brudgom med falske Viv,
han møter den svarte Kiste,
der Gislaug ligg kald og stiv.

Men Svevn vil Ungdom styrkje
som Natt den spede Knùpp.
Daa Guten rid til Kyrkje,
daa stend ho Gislaug upp.
Ho sìt ved grøne Rute
og ser yvi Vegen nord; —
det glytte med Sol der ute,
daa Brudferdi framum fòr.