Side:Garborg - Haugtussa.djvu/191

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Ja var du meg god,
so gav eg mitt Blod,
og var eg ditt Viv,
so gav eg mitt Liv,
um deg eg fekk fri av den minste Sut.
— Aa du som eg trudde av Hjarta!

So trygg og varm
i din gode Arm
eg gløymde Sorg og eg gløymde Harm.
Men aldri meir
eg finne deg maa,
og aldri meir
deg i Augo sjaa,
og Graaten brenn i min kjøvde Barm.
— Aa nei, at du kunde svike.

Kvar skal eg meg snu;
kven skal eg vel tru;
eg finn kje Veg og eg finn kje Bru.
Alt vendest til Naud;
eg ynskjer meg daud;
kvar skal eg vel av,
utan djupt i Grav;
for alt eg hadde so var det du.
— Aa! — aldri ein glad Dag meire.