Side:Garborg - Haugtussa.djvu/161

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Fanden skriv i Boki hans Namn
og flirer av Hjartegrunnen;
so tek han den merkte Drott i Famn
og kysser han glad paa Munnen.

«Meinsvorin Munn hev ein Svaavelsmak,
som alltid eg like kunde.
Og vel vere deg som bar mi Sak!
Eg trivst der Folke er bundi.

No stend du skrìvin med Judas inn;
det er den øvste Æra.
Men Svidemerke paa Skallen din,
med det kann eg Inkje gjera.

Det maa deg fylgje i Liv, i Grav,
i Sogu og Skuggeheimar;
d'er slikt, det læt seg kje svide av
i alle Helveites Eimar.»