Side:Garborg - Haugtussa.djvu/160

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

EIN SØKJAR

Fram kryler ein kaapeklædd, gullkrynd Mann
med Reiv um sin bøygde Skalle;
Kaapa er sulka, som hadde han
i djupaste Dye falle.

«Aa Helvìt-Herre, aa høyr mi Bøn!
Eg er ein Konge i Pine;
og deg eg søkjer um Hjelp og Løn,
for no er eg ein av dine.

Mange lika den lette Leik
eit rolegt Land aa herja; —
eg gav meg Fanden og mannsleg sveik
det Folk eg skulde verja.

Men sidan rædde dei burt seg dreg
og lite signar Verke;
og Folke stirer stygt paa meg;
det ser Forraadar-Merke.

Aa tak det av meg, eg bed deg blidt,
du Overherre sanne,
so atter eg kann lyfte fritt
mi høge Herrepanne!»