Side:Garborg - Haugtussa.djvu/155

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Trollmann med eit Ris.

Eg trollar i Haug dei leikande Smaa'
og klæd deim i Trælebroki;
naar ut dei kjem, kann dei inkje sjaa;
eg batt deim for Augo med Boki.

Trollmann med ein Sekk.

Av Synd og Sorg er Sekken full
som tung meg tyngjer Herdi;
med Laas og Lekkje av Sylv og Gull,
eg trollbatt heile Verdi.

Armod vesal i Villa gjeng
og Sjæli og Skinne plagar;
Rikdom vrid seg i Puteseng
og rotnar av gode Dagar.

Trollmann med ei Svìpu.

Eg vil rikje og eg vil raa,
og eg vil for alle tenkje;
der eg gjeng fyri skal alle gaa;
sjølv vil eg i Brodden blenkje.