Side:Garborg - Haugtussa.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Stelt og god
Kui so
roar seg til Nattenn’.
Jortar smaatt,
legg seg godt;
Tuften kjem med enn ein Dott;
dansar so med Katten.


I OMNSKRAAI

Dei hev gjort fraa seg i Kjøk og Fjose,
men d’er for tidleg aa kveikje Ljose.
Lars Dreng maa stulle i Stall ei Stund.
Ho Mor, ho tek seg sin Skùmingsblund.

Daa inn dei tuslar fraa andre Garden,
han litle Per ho snilde Maren.
Det er so varmt i den logne Kraa,
og no dei Sogur vil høyre paa.

Det er den Moro dei helst vil velja;
og Veslemøy kann so godt fortelja.
Det gjeng med Segnir og Æventyr
og løgne Rispur um Troll og Dyr.