Side:Garborg - Haugtussa.djvu/146

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Gjev kvar din Uvén maa
paa Jordi bannstøytt gaa
forutan Trygd!
Men den som gjev seg deg,
lat han faa magge seg;
gjer lett hans Ljugarveg
til Heir og Høgd!

Daa bèr me deg i Famn
og bannar ved ditt Namn
tri Gongir tri.
Tri Gongir tri du er
vaar Hovding her og der!
Du eig oss kvar me fer
i allan Tid!


PRØVE

Fanden sìt med si Bok paa Kne,
rìtar med Blode raude,
set sine Teikn paa tvers og Snìd
for Lìvande og for Daude.
Sist kjem dei nye som no skal med
inn i Flokken.