Side:Garborg - Haugtussa.djvu/142

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

DET VAKNAR

Maanen sloknar i Havsens Eim
nede i lægste Sud;
Stjernur tryllte i Ørskesveim
rapar fraa Himilbru,
Vinter gufsar fraa Jotunheim
yvi Fjellom

Myrk seg sveiper den tunge Nott
tett ikring trollsvævd Jord;
tomt i Stilla det høyrest Laat,
Dvergmaal og døyvde Ord.
Lyktemann vaknar og Naa-Ljos blaatt
yvi Fjellom

Skrattande Skrell av Hovsveins Lur
gjeng ifraa Varde-Topp;
graatt da livnar i Ufs og Urd
Krok og underleg Kropp.
Hit skal alt som ned-under bur
yvi Fjellom.