Side:Garborg - Haugtussa.djvu/139

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Naar Vinterstjerna fyrste Gong seg ter,
daa held me Fyri-Jol paa Fir-kam haage;
daa vert du lyft av deim du ikkje ser;
men ver kje rædd; dei er deg alle fjaage.
Der fær du sjaa det ingin veit i Bygdom;
og den du finn, som dreg deg heim av Høgdom.»

Ho folnar burt og kverv i Skogen djupe.
Haugtussa vakna av sin halve Blund,
og tottest timja i den same Stund
som brune, snare Vengtak av ei Rjupe.
Som klumsa stirer ho med Augo drøymt.
Alt det ho hugsa fyrr, det hev ho gløymt.