Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/118

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ho gløymer Stræv og ho gløymer Stell,
ho Mor,
og stirer upp mot dei ville Fjell,
ho Mor.
«Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting,
som renne maa alle Berg i Kring?» —
spỳrr ho Mor.

Aa visste du, kor eg lengtar her,
du Mor!
Den brune Heidi, den fekk eg kjær,
du Mor!
Her gjeng eg ør millom aude Fjell
og græt meg i Svevn kvar einaste Kveld;
aa du Mor!

Og alt er framandt og nytt og vondt,
du Mor!
det stirer kaldøygt ikring meg rundt,
du Mor.
Her er kje Liv som eg fritt kann tru;
og ingin einaste er som du, —
du mi Mor!