Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

heiter Tvil, vil vinne lenger enn dei 3—4 fysste Sidune i „Jesus Messias“; i so Maate kann Hognestad vera heilt upp trygg. —

*

Den heidningkyrkjelege Umdikting av Jesus fraa Nasaret er baade historisk og psykologisk umogeleg; det hev eg i „Jesus Messias“ paavist etter Bibelen (som lesin utan Teologbrillur tydeleg viser det), og etter Kyrkjesogo, som her hev det avgjerande Aarstale 325.

Peter Hognestad vil elles skyna at eg ikkje kann hava Stundir til aa sitja her og stridast med Folk som t. D. trur, at Jesus, trass i Mt. 19: 17 eller Joh. 10: 35, 36, tok imot Guddomsdyrking, eller som set paa Prent, at Farisæaren Paulus ikkje trudde paa den israelitiske Messias som han kjende til, men paa det heidningkristelege „Gud-Menneskje“ som vart uppsett i Nikæa halvtredje hundrad Aar etter hans Tid; skulde eg halde paa aa skrive um slikt, maatte eg ikkje hava anna aa gjera. — —

— Det ser ut til aa gjelde enno, det eg skreiv i Boki mi S. 151: „I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde, hev Verdi no i snart tvo tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var; og i Staden for Jesu Lære hev me fengi Læra um Jesus.“