Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det lange Stykke sitt ikkje so mykje som nemner Helvite eller Fanden. Eg veit nok at han trur paa deim. Men sjølve Teologane tek til aa verte so kristne no, at dei sjelden nemner desse Villmanns-Tankane, naar dei ikkje nettupp er nøydde til. Med Tidi vil dei i dette Stykke au koma nærare upp til Jesus.

— Det sannaste som er segjande um Boki mi er elles det, at ho er ikkje ei Bok, men eit Register. Den som vil „lesa“ ho, lyt sitja med Nytestamente framfyri seg og slaa upp og slaa upp, prøve kvart Ord eg segjer etter Tekstane. Øver eg stundom „Bibelkritik“, d. e. segjer at det og det Orde knapt kann vera rett ført, eller at det ikkje synest høyre heime der det stend, — so nemner eg og Grunnane til denne Meiningi mi; dermed kann Lesaren sjølv avgjera um han vil fylgje meg; noko Helvite til aa truge med hev eg daa visst ikkje.

Naar Hognestad finn at eg „ofte gjeng merkeleg lett yvi vanskelege Ting“, so lyt eg segja paa Lag som det fyrr hev vori sagt: det som ser lettast ut hev kannhende kosta meg mest Arbeid. Og eg trur ikkje Boki er „lett“ for nokon som les ho aalvorsamt. „For Folke“ er ho i det heile ikkje. Folke gjer som eg sjølv gjorde ein Gong: held seg til Prest og Postill og læt den „vanskelege“ Bibelen liggje. Berre dei som er komne i den Sjælenaud som