Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

israelitiske Læra um det komande Gudsrike. Men „det største Orde som enno i denne Verdi hev vori sagt: at Gud er Faderen“, det er so fagert og lovar so rikt, at um Verdi ser aldri so meiningslaus, fæl, djevelsk ut, so tøygjer jamvel den argaste „Fritenkjaren“ Vonine sine i det alra lengste: um det endaa sistpaa skulde kunna vise seg, at det berre er vaart eige Stuttsyn som gjer Faderen „burtkomin“ for oss. Men her lyt me „verdslegvise“ halde vaar Munn; berre Teologane trur i denne Sak aa vita noko.

Nemne bør eg og, at Hognestad ikkje gjer nokon Freistnad paa aa lata Jesus sjølv vitne um si Guddomshøgd, — med alt det at han vil lata Johannesboki gjelde for heilt ut ægte. Noko mindre vel slepp han fraa Paulus, som han vil skal ha kalla Jesus Gud. Eg undrast ikkje lite daa eg saag dette. Paulus var Israelit; han var jamvel Farisæar (Apg. 23: 6); det var daa sjølvsagt den israelitiske Messiaslæra han heldt seg til, soleis som den i hans Tid vart forkynt i Rabbinarskulane. Han skìl daa og i alle sine Brev gløgt og plent millom „Gud, Faderen“, og Jesus som han alltid kallar Herre“ (smf. Boki mi S. 22, Merknad 2); han kallar og sume Stadir (som Rom. 5: 15) Jesus beint ut „Menneskje“, endaa dette i hans Tid var so sjølvsagt at der ingin Grunn var