Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
I.
(Svar paa 2 Stykke av Peter Hognestad i „Dagbl.“ Okt. 1906.)
F

or nokre Mannsaldrar sidan hadde Kyrkja brent meg for Boki um Jesus Messias. No skriv ein høgkyrkjeleg Prest um ho i eit Dagblad. Og han skriv rolegt, ja heiltupp vent; han finn fram, og nemner, det som etter hans Meining er godt i Boki. Ein kann segja kva ein vil: Verdi gjeng fram; me kann tala jamvel om vaar Sjælesak no og ikkje taka til Kniven.

Hognestad segjer i si Avdøming Ting som eg heilt upp kann godkjenne. Det er soleis sant, at eg hjaa Jesus finn Svar paa (det etiske) Livsspursmaale; etter ymis Leiting i Aust og Vest lyt eg tilstaa, at so vidt som eg kann sjaa er Jesu Livslære den einaste som — i alle Tilfelle — gjev Innhald, „Meining“ i Live vaart.

Spursmaale um „Meining i Tilvære“ er det verre med. Her heldt Jesus seg til den