Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
81
XXXV.


Eg segjer: «Kann du kje med Grunnar læra meg Gud og eit anna Liv?»

Han svarar: «Du veit kva den skeptiske Filosofi segjer, den gamle Visdom som alltid vert ny: Tanken kann skilja sund og løysa upp; berre Live kann byggja og skapa. Alt vert med Grunnar rivi som med Grunnar er bygt. Skal du leva paa noko, maa du leva deg til det.»

«Alt me elles veit, er bygt paa Grunnar.»

«Alt me elles veit, er bygt paa Røynsle, og endaa berre trur me det.

Du kjenner dei vise? Der er tvo Kunnskapsvegar, Tanken og Røynsla; dei er baae gode; ingen av dei fører fram. Klaart viser dei tenkjande oss, at Røynsla sviv i Lufti; klaart viser