Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Det lindrar stundom. Og ein skal freista alt som kann vera til Hjelp For det er Kristendom, at me hjelper kvarandre.»

Eg tagnar. Han tek frami att:

«Mange av Vesaldomarne vaare; dei fleste av dei er Hugsótt. Det er Sjæli som er sjuk. Og hev ikkje den si Kraft, vinn alt vondt innpaa oss. Daa styrkjer Bøni, um der er Tru; Sjæli samlar seg og fær ny Kraft til Motstand.»

«Hev du ein Gud som høyrer Bøner, so vis meg han. Just ein slik Gud treng eg.»

Han lo. «Ja Teikn vil me hava.»

«Svara meg no. Alt det De bed um skal De faa, stend det.»

«I mitt Namn, stend det. Det er: naar me bed som han bad. Men det var hans Bøn: verte din Vilje.»

Stundom trur me aa sjaa Undere. Men beda, det er kje aa gjera Trolldom i Guds Navn; gjenom Bøni vil