Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

er han. Han med Blodflekken. Burt! Det var ikkje mi Skuld! Eg visste det ikkjer! Det var Forretning, Forretning! og kvar maa agta seg. Og den som ikkje er sterk nok, eller klok nok, han maa svida, kven det so er. Og den som gjeng under, maa endaa vera glad; for den som vinn maa lida lengst og verst; og der er ingen Naade lenger. For Faderen er burte; men Helvite brenn som fyrr med blaae Logar og usløkkjeleg Eld i vaar eigen Barm.

Hu! Burt!

Fader vaar, du som er i Himlarne —

XXVI.

Lat likso godt dei møte fram, som synda imot meg! Der er nok av dei, og eg gløymer dei ikkje.