Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

«Luren» interessar seg mykje for Dykk.»

«Men eg interessar meg ikkje for Luren.»

«De interessar Dykk kanskje meir for «Posten»?»

«Posten hev eg kasta ut fyrr.»

«Men «Luren» arbeider daa i same Leid som De: for Smaafolk og dei som lid Urett, og serleg for Arbeidaren. Det er sant: kva segjer De um Streiken der inne no?»

«Vil Arbeidaren heller svelta og streika i Byen enn leva smaatt og strævsamt paa Lande, so lyt han faa det som han vil. Var det elles noko?»

Bladmannen smilte brydd og reiste seg.

«Det nyttar vel ikkje; det var nokre Spursmaal um det Livssyn De forkynner; for vaart Princip er fri Diskussion; alle Meiningar fram, so Folk sjølve kann velja. Men som sagt —.»