Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

«Luren» interessera seg mykje for den aandelege Bevægelsen han hadde vakt, og hadde alt havt fleire Stykkje, baade med og mot; for vaart Princip var: fri Diskussion; ja Herr Haave hadde vel set det?

Bror min svara, at han var ikkje Herr haave, men Paal i Kvernehusheidi, og at han ikkje las Bladi.

«De hev daa kje noko mot Bladi?» spurde Bladmannen.

«Jau,» svara Paal. «Tek eg eit Blad i Hand, er det som eg kom inn i ei Drykkjestove. Kvar skravlar um sitt, sùme skjellest og slæst, andre gjøner og lær, andre fortel Sogur og Slarv og fører Mistankar og vonde Ord; og Handlarar og Bondefangarar skryter og snyter. Eg skundar meg ut fraa alt det Staak og den tette Luft; eg vert tanketom av det og urein paa Sjæli.»

Blidt forsvara den framande Bladi og serleg «Luren». «Og som sagt: