Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

so eg ikkje høyrde Hjarta mitt,
og alle desse urolege Pulsarne
og all denne Susing og Banking
av eit Liv i Uppløysning.

Aah.
Notti er best likevèl.
For daa er her stilt.
Ingen lær og ingen skrik.
Og det gjeng ikkje i Dørerne.
Og dei kjem ikkje med Rekningar.
Og ingen segjer: versgod kom faa Mat.
Naar ein berre ikkje turvte staa upp att!

XIX.

Ro hev nok Bror min sjeldan; og trygg er han ingen Stad. Igaar kom ein Bladmann og leitte han upp her hjaa meg; han vilde spyrja han ut og setja han i Blade.

Og han tala mykje og langt paa sitt Maal. Herr Haave laut orsaka;