Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

dei meg. Det var dyrt. Det kosta meg min Ungdom. Og daa eg gjekk fraa dei, saag eg at dei var hole, og at dei ikkje hadde Hjarta i seg. Sidan var alle hole i Ryggen for mine Augo, og der var ikkje Kjærleik og ikkje Tru. Daa vart eg hard til Grunnen og hjartelaus. Og eg let henne gaa som eg hadde elska, ho den truskyldige, som venta paa meg; og eg gifte meg med Gull, og laante ut Gulle mitt for Rentur, som — men eg veit den, som tok endaa større Rentur og no sìt i Legislaturen. —

Men ho som hadde fylgt Gulle heldt av meg; og som Aari gjekk, veikna Trolldomen. Daa hadde ho lært av meg. Og ho vart ei Trollheks som dei andre og flaug fraa meg. Men den som ho flaug burt med var min siste Ven, den trulause som eg hatar æveleg.

Daa kom det upp, at eg hadde mjukna. Eg var ikkje Stein og ikkje