Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

lite Hugnad hev eg av Rekneskapen min.

Alt ser annleis ut etterpaa. Det som var mi Vinning i Verdi synest no Faafengd. Og det som var mi Trøyst og min Trøyskap, det rengjer seg og er ikke Trøyskap.

Det er Trollskap, som grin til meg og gjer Trut. Men det som eg mindre brydde meg um, ja kasta fraa meg og sagde: det er Faafengd og Gagnløyse og lite Vit, det vil helder no synast minneverdt.

Er det Domedag i meg? Maa eg sitja her og døma meg sjølv? Strenge Domar, gløym ikkje dei orsakande Umstende!

Hardt var det aa leva paa Jordi. Dei traakkar og trampar ned og knear seg fram yvi Lik; og eit Steinhjarta maa den hava, og Staalknokar, som skal fri seg og halda seg ovanpaa. Eg røynde det i vonde Aar. Og enno hev eg Blodflekkar etter det paa Sjæli.