Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Eg hev ikkje andre Bøker aa føra lenger, og hev teke til og vil føra Bok yvi mitt Liv. Men Sjukdomen verstnar, og eg er so uroleg.

Morgon og Kveld spør det i meg: kva ligg du her etter?

Du er kje meir heime her enn annanstad, seier det. Kaldøygd glor Barneheimen paa deg. Kva vil du her? Den som ein Gong hev rømt, finn aldrig heim att. Og lite hev du her aa minnast, anna en Faavit og Synd. Reis og gøym deg av ein Stad, der du aldri hev vore!»

Men eg knurrar og svarar: eg vil ikkje.

Eg kjenner deg no, du Fredløyse, som tyt og aldri tegjer, og som altid lyg. Eg fylgde deg lengje. Eg flakka og flutte fraa Stad til Stad. Men all Stad var det like eins. All Stad vart du leid deg.

Sist lokka du med Barneheimen. Her skulde vera so godt. No er du