Hopp til innhold

Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

deg? Sùme held deg for galen og andre for det som verre er.»

«Det hev eg nok fortent, Gunnar; men det skal eg fortelja deg ein annan Gong. I Dag vil eg berre vita um du vil ha meg til Gardsdreng.»

Eg hadde stor Hug til aa segja ja, men torde ikkje. «Kva skal eg kjøpa Gard etter,» svara eg. «Ein gamal krank Mann; og ingen Erving. Ætti vaar er nok dømd, som han Far sa.»

Han tagna og gjekk.

Underleg er han. Og eg veit ikkje kor langt han er sætande. Men han kann stundom vera so lik han Far.

XII.

Haustkulden er komen og Regne driv. So sit eg her innestengd; og Dagarne vert lange.