Hopp til innhold

Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Sótter hadde herja Grenderne. Lik hadde fare paa alle Vegar; Hus og Ætter var døydde ut. Og dei som etter var, gjekk og venta paa aa fara same Ferdi. Dei flokka seg um Prestar og Lærarar go song og bad og budde seg til Daude og Dom. Glade Gutar og harde Hausar som i gamle Dagar saag eg ikkje. Alle sukka: berre me kunde døy vèl.

Eg gjekk sjølv med Dauden i Bringa; men endaa kunde eg harmast, naar eg høyrde ungt Folk sutra so. Eg sagde: De skulde helder tenkja paa aa leva vèl. Og eg lét dei høyra mi Meining um all Raadløysa og Armdsdomen eg saag, og nekkte dei, fordi dei gav seg yvi og lét Farsótti raa seg.

Daa saag dei paa meg fraa Sida og sagde: «du er vel ikkje Bror hans Paal i Kvernhusheidi for ingenting.»

«Korleis daa?» sagde eg.

«Han tala og so høgt um aa leva vèl. Men rett som det var fekk han