Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

var bedne, men kom ikkje. Da sende Kongen Tenarar ut paa Gate og Torg og let dei taka inn kven som helst; for fullt skulde Huse vera. Og Huse vart fullt. Men millom Gjesterne ser Kongen ein, som ikkje er høgtidsklædd. Og han sagde: høyr, Mann minn, korleis er du komen hit og er ikkje høgtidsklædd? Men Mannen tagde. Og han vart utkasta.

Eg lagde Boki fraa meg. Her er tvo Gudar, sagde eg, og tvo Vegar til Live; og tvo Meistrar: Rabbien fraa Nasaret og ein Mystiker fraa her eller der. Dette fær Munkarne slaast um; hald du deg til det som du veit!

Og mi alra siste Von slokna.

X.

Faae fann eg att av gamle Kjenningar. Dei fleste var farne, sùme or Bygdi, andre or Heimen.