Hopp til innhold

Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Og eg gjekk heim med mi siste Von sløkkt.

Daa vakna det endaa ei Von. Eg tenkte: no skal du gaa til Meisteren.

Eg tok fram Skrifterne og fann Meisteren. Og eg sagde: kva skal eg gjera, at eg kann vinna Live.

Han svara: hald Lovi. Men sidan sagde han: tru.

Eg spurde: kven skal eg tru paa? Han svara: ingen er god utan ein, det er Gud. Men sidan sagde han: meg skal du tru paa.

Eg spurde: er daa du Gud?

Han svara: Herren vaar Gud, Herren er ein. Men sidan: Faderen og eg er eitt; men sidan att: Faderen er større enn eg; eg er berre den, som han utsende.

Ofte tala han herlege Ord; og stundom trudde eg, at eg saag Faderen. Men so vart Faderen Domar. Og rædd las eg um Kongen, som gjorde Bryllaup for Son sin. Gjester