Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

no, at eg rømde min Veg og ikkje høyrde paa Bønerne hans Far og ikkje tenkte paa Graaten hennar Mor; eg var som ein av Sønerne dine, Gunnar.

Berre grav meg ned. Grav meg djupt ned, Gunnar.»

IX.

Ein Dag etter ei vond Nott tenkte eg: um du likevel gjekk til Kyrkja.

Skulde du finna Faderen nokon Stad maatte det vera der. Millom dei andre høge Barndomsminne.

Eg gjekk til Kyrkja. Og eg fann min høge Barndomsminne. Og millom dei min Barndoms Gud.

Men han var berre eit Minne. Han levde ikkje. Han var ikkje lenger i Ordi og i Teikni. Dei var fagre som fyrr, men tome. Eg sagde med meg sjølv: Gravøl held dei her yvi Faderen.