Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

om saag du paa oss og undrast; og i stille Næter grét du visst tidt. Men du sagde ikkje noko, og arbeidde. No er du sæl, for du kviler. Men me som gløymde deg, minnest alt no. Og søkjer i einslege Stunder Gravi og held vaar Bøn her, framfor ditt stille Minne.

Men Far Stakkar. Han hev ingen Hovudstav. Og sjælve Gravaren veit ikkje lenger kor han ligg. Han døydde i Rædsle og Sjælesótt; og dei rettferdige heldt Dom og sagde: han var ikkje som ein av oss, at han skulde minnast.

Men han er her. Eg kjenner han. Det gjeng meg som ei Kjøling gjenom Blode; eg er rædd men i Rædsla roleg: han maa visa seg. Han maa kjenna at eg er her, at eg ventar, at eg hev noko aa segja han.

Ja gjev han kom, at eg kunde segja han alt. Og segja han, at eg skynar alt. For eg kjenner hans An-