Hopp til innhold

Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

for den barnslege Hug og Livsens truskyldige Meining.

Du gamle kvite Hus. Eg rømde fraa deg som fraa alt, og er no framand her som all Stad. Men det stend Fred av deg. Og gjerne sit eg i Hagen din, der Live søv og Gløymsla held Vakt, og les paa Gravkrossarne og tenkjer paa gamalt.

Og ser meg ut mitt eige vesle Rom.

VI.

Her kviler ho Mor. «Den som bliver troe intil Enden skal blive Salig.»

Ja du var tru til Enden. Aldri levde du deg sjølv. Du tente i ditt Tempel som var ditt Hus, utan Knurr og utan Krav alle ditt Livs Dagar. Og Sut og Saknad var di Løn. Og ingen sagde deg Takk. Men dei som tok di Teneste gløymde deg; ja dei som skyldte deg Live gløymde deg. Stun-