Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/117

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Men dømd er den, som fører vondt yvi eit Menneskje, eller piner det, eller brenner det i Sjæli med Vanvyrdnad og vonde Ord, eller ser Fall og Naud og ikkje rettar ut ei Hand, at han kunde gjera Uppreisning. Dømd er han, og ein utestengd; og Rædsla skal vera yvi han; og naar han kjem paa den vonde Dagen og bed um Fred, finn han kalde Augo og ingen som kjenner han.

Dette er min Dom. Eg ser det og skynar det og bøygjer meg for Domen og tek mi Straff; for i Refsing er Soning naar ein tek ho som Refsing, og ber ho som Bot, fast og friviljugt.

Men dei som var mine Djevlar og pinte meg, tilgjev eg; for mot meg gjorde dei det dei skulde; og deira Synd er deira Sak. Eg skriv til dei eg kann naa, og gjer Fred; for daa eg sagde Sanningi, at eg hatar dei, svara Bror min: «du ska endaa tilgjeva dei; for naar du hev gjort vèl