Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

paa Verdi og koss det der gjeng. Dei gode lid vondt; dei vonde vert feite; Retten maa tegja; Magti raar. Og det er berre ei Lov: at den sterke ét den veike. Og endaa trur du paa ein Styrar, ja ein Fâr!»

«Her er me innpaa dulde Ting.»

«Eg bryr meg kje um dine dulde Ting. Eg er ikkje synsk, og maa halda meg til det, som eg sjølv ser.»

«Det er sant at ein maa vera synsk. I Verdi raar Naturlovi. Den rettferdige gjeng under med den urettferdige, og Soli gjeng upp yvi vonde og gode.

Men Meisteren lærde oss aa byggja eit nytt Rike. Ovanum Verdi, ovanum Naturen, ovanum det høgste Dyr, inni oss sjølve byggjest det Rike der Rettferd bur. Der fær det vonde sin Dom og det gode si Løn; og der finn me Faderen.»

Eg tagna og tenkte.

Han stod fram ved Glase og saag paa Blomen, som sprett so vent. «Seg