Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/104

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Hev du kje so mykje som eit Hat?»

Eg tagnar.


XLIII.


«Du talar um Gud som han var din næraste Granne. Hev du aldri vore i Tvil? Hev du aldri tenkt?»

«Eg hev undrast og spurt,» segjer han. «Men der er gjerne noko i meg som svarar.»

«Sæl er du. Men eit Spursmaal vil eg gjeva deg, som det knapt er Svar paa. Korleis kann du tru paa ein Gud, som ikkje er rettferdig?»

«Han hev vore rettferdig mot meg. Hev du noko aa klaga?»

«Sjaa deg ikring. Sjaa paa Folk. Some er fødde gode. Andre vert slengde inn i Verdi med so mykje vond Hug, og veks upp i so mykje vond Luft, at dei ikkje kann bli gode. Eg veit sjølv noko um det. Og sjaa