Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

THI ser I til, som aarle opstaa — Og sidde om Aftenen silde, — Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro — Saa ville I gjøre eder rige: — Med Kummer I æde det harmelig Brød, — Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’, — Naar de monne sødelig so—ove«, — song dei inne hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald Maandags Morgo i April.

Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huset; for Ole Johannes var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje vakt, og alt um han stundom hadde prøvt paa aa umvenda seg, so hadde han ikkje fengje dette til, totte han, so det laut vera til han vart gamall og fekk betre Stunder. Men han tenkte likevæl som so, at det var best aa halda seg til Guds Ord so mykje ein kunde, og serleg lagde han Lag paa aa halda Borni sine til Boki. Difor heldt han Bøn kvar Morgon, og i desse Bønestunderne maatte heile Huset vera med. Ðet skulde vera so; Ole Johannes hadde leset det i Luther og i Johan Arndt, og dei vakte gjorde det so, dei og. Det var dessutan rimelegt i seg sjølv. Song ikkje kvar Fugl si Morgonsalma til