Side:Fyregangsmannen.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Frelsar og Løysningsmann, som all Skapningen sukkad etter; han var kunndgjord likafraa det fyrste Upphavet, daa Gud tilsegjer Adam, at Kvendeavkoma skulde krasa Hovudet paa Ormen[1], men alle dei gamle Profetarne dei saag det liksom i Dimma og kunde berre utropa: ein Gong skal han koma. Men han kom inkje. Ætt paa Ætt gjekk i Gravi, og han kom endaa inkje. Daa stod Johannes Døypar fram. Han turvte inkje lenger segja: „ein Gong skal han koma“, men han kunde peika paa Mannen og segja: der er han, der gjeng han. No er Himmeriket stiget ned paa Jordi, Frelsar vaar er komen, vend no um fraa Synd og Billa og kom til honom, som heve Kvila fyre alle.

Og Johannes fylde trufast den Ærendi, han hadde fenget. Han stod ved Jordanelvi og utropad fyre heile Mannamengdi, daa han saag Jesus koma: „sjaa det Guds Lamb, som ber Verdi si Synd!“[2] „Eg heve set det og vitnat, at denne er Guds Son.“[3] Og dette Vitnesmaal bar han fram, likatil han vardt kastad i Fengsl av Herodes. Han sagde all Ære ifraa seg og med Maning til Bot og Bøn synte han Folket burt til Kristus. Men her i Fangahuset ber det til eit merkelegt Hende, og det er nettupp dette, som Teksti fortel oss um i Dag.

Der stod: „men daa Johannes høyrde i Fengslet Kristi Gjerninger, sende han Bod med Læresveinom sine og sagde til honom: er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan.“ Kvat skal detta tyda?

  1. 1 Mos. 3, 15.
  2. Joh. 1, 20.
  3. Joh. 1, 34.