Side:Fyregangsmannen.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Hjarta, Elia, som foor i Eldvogni til Himmels, alle desse var som inkje at reikna mot Johannes Døypar. Maa me so inkje hava Age fyre denne Mannen, som me standa Andlit til Andlit med i Dag, og maa me so inkje med Aalvore i Hugen lyda paa det, som Evangelieboki fortel, og som vaar Gud og Frelsar talar um honom i dei Ordi me nyst hava leset?

Me hava fyrr høyrt gjetet denne Johannes. Me lesa soleides i Evangelieboki etter Lukas[1], at han vardt fødd ved eit Underverk, daa Moder hans var ut or Barnseign, og at Engelen, som kunngjorde detta fyre Faderen, sagde, at han skulde verda fyllt med den Heilage-Ande fraa Moderliv av. Me hava likeins høyrt, at Johannes, daa han vardt vaksen, vardt ein streng Mann, som livde ut i Øydemarki i Bot og Bøn, og endelega trod fram etter Guds Ord og preikad attmed Elvi, som heitte Jordan, og døypte der i Elvi ei Mengd med Folk[2]. Ja me hava høyrt, korleides Kristus sjølv kom til honom og vardt døypt av honom i Jordanelvi[3]. Kvat var det no av alt detta, som gjorde Johannes so stor, at han laut vera Størstemannen? Jau det var det, at Gud hadde utvalt honom til at vera den Reidskap, som skulde brøyta Vegen fyre Guds eiegen Son, som skulde preika yver alt Jødalandet, at no var han komen, som Folk hadde ventat og lengtat etter so lenge, han som skulde „leggja paa seg vaare Sjukdomar og vera vaare Pinslor, han som er saarad fyre vaare Misgjerningar og sleger fyre vaare Synder.“[4] Han var fulla kunngjord fyrr denne

  1. Luk. 1, 5 fg.
  2. Luk. 3, 2 fg.
  3. Math. 3, 13 fg.
  4. Ef. 53, 4. 5.