Side:Fyregangsmannen.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

den minste Blomen og den største Mannen dei gjøyma seg alle under Bengjorna til hans Kjærleike.

Brøder og Syster i Kristo! Me hava no set eit Bilæte av Johannes Døypar, og me hava og set, kvat me kann læra av dette Bilætet. Han var Fyregangsmann, og naar Herren er komen, so heve ein som tidaste inkje Bruk fyre Fyregangsmannen lenger. Heve daa Kyrkja, og hava daa me inkje Bruk fyre Johannes? Jau visselega. Han stend i Dag, og han skal standa i all Æva med den manande Fingren sin lyst mot oss, peika paa Jesus Kristus og segja: „vend um, vend um! gakk til honom det Guds Lamb, som ber Verdi si Synd!“ Brøder og Syster, me trenga nog um Maning, me vil so gjerna ganga alle andre Stader enn til honom, me vil ganga til vaar eigen Styrke, til gode Viner, til megtuge Folk, til deim som Pengar eiga, og me tenkja inkje paa, at alt detta kann Ulukka elder Sjukdom elder Daude riva burt i ei einaste Natt. Og me vil so naudlega ganga den smale Vegen gjenom Graat og Sukkar og Liding og Strid og Spott, men me fylgja so gjerna med Straumen, som gjeng lett og leikande radt til Helvite. At daa Johannes maatte standa paa Vegen, stogga oss med Handi og ropa! „vend um, vend um! og gakk til det Guds Lamb, som ber Verdi si Synd!“ at me maatte lyda paa desse Ordi hans! Me skal no til at halda Jolahelg. Gjev me daa alle maatte bjoda Fyregangsmannen Johannes til Gjest, at han kunde rydja i Hjartat vaart og fjelga i Stova vaar til at taka imot deg Herre Jesus Kristus. At me inkje med Svir og Drykk