Side:Fyregangsmannen.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fenget meir, Daup og Nattverd, høyrde me, men nett desse Gaavor me hava fenget, gjera oss og dubbelt so sterke til at standa mot kvar Freisting. Jødarne, som og Johannes høyrde til, dei hadde inkje slik ei Kjelda, der dei kunde drikka seg til Styrking, naar Saali var tyrst; dei hadde Guds Ord um honom, som skulde koma, men inkje Sakramente. Og eg kann spyrja kvar og ein: korleides vilde de vera hugade, naar dei tok Daup og Nattverd burt ifraa Kyrkja? vilde de inkje synast, at no hadde de mist beste Styrkemidel mot all dagleg Strid og Stræv? at eit Band var sprunget, som heldt Hjartat fast til Gud? Saa maa me daa vera uendleg takksame mot Gud, at han inkje berre heve gjevet oss sitt velsignade Ord, men og gjevet Daup og Nattverd, der han paa ein underleg, løyndomsfull Maate velsignar og styrkjer oss, og inkje døma Johannes og hine gamle Jødar, fyredi dei hava havt sine myrke Stunder av Tvil. Og so lyt me vera frihugade i all Freisting, og hugsa paa, at Gud aldri freistar oss meir enn me kann tola, og at han kann styrkja oss i Striden vaar langt betre, enn han kunde gjera med Johannes. Ottast difyre inkje, um Ulukka paa Ulukka kjem veltande inn paa deg som svarte Bylgjor paa Sjoen, for Gud i Himmelen veit det, han ser deg, og han held deg. Elder trur du, at Armen hans er stuttare no, enn han var, daa det raude Havet stod som Murar paa baade Sidor, medan Jødefolket gjekk turrskott yver, elder daa han let Storm og Jordskjelv og Eld fara framfyre Augat til Elia? Nei han ser og han vakjer; det minste Flyet og