Side:Fyregangsmannen.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i Himmeriket er større enn Johannes. Du maa soleides vera i Himmeriket, fyrr du kann vaaga deg til Likning med honom, det nyttar inkje utan. Og det nyttar helder inkje at hava voret i Himmeriket, nei du lyt vera der. Kor mange er det inkje, som hava voret i Himmeriket! Ja me hava alle voret der, daa me som Smaaborn vardt borne fram til Daupen, men kor mange er det vel, som er der? Kor mange er det inkje, som hava mist Trui baade paa Guds Ord og Daupen sin, som liva i Synd og Villa, som skjemma Kristennamnet sitt, av di dei berre gjera det til eit tomt Namn; som kannhenda tenkja, at Gud ser deim inkje, elder at han inkje er so streng, som Presten segjer. Og kor mange er det inkje, som liva utvertes reint og ulastelegt, som korkje svika elder gjera Næsten Urett, men som hava kaldt desse maa inkje treda fram og ropa: „me er større enn Johannes Døypar,“ dei høyra inkje med til Himmeriket, for det er inkje Namnkristne, Gud vil hava, og som han let upp fyre, men det er Gagnkristne. Difyre agta deg, at du inkje trur deg sjølv stor, for daa er du paa ein faarleg Veg, men ver audmjuk av Hjarta, og kjenn deg sjølv liten, so liten, at du synest inkjevetta kunna til din eigen Frelse, men maa taka alt som ei Naadegaava av Gud, daa skal Kristus segja til deg, (for sjølv vaagar du inkje segja det), at du er stor større enn Johannes Døypar var. Og endelega for ei Trøyst ligg det inkje i detta, at den minste i Himmeriket er større enn Johannes Døypar. Me er større, av di me hava