Side:Fyregangsmannen.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Gud, daa er det og Uppreising fraa Fallet at finna, soframt me vil søkja henne paa same Stad, som Johannes følte henne, hjaa Jesu Kristo, Guds Son, vaar Frelsar. Johannes gjekk til Jesus, av di han visste, at han var den einaste, som kunde lækja. Og her syner han seg ogso som Fyregangsmannen vaar. Fyrste Gong er han Fyregangsmann, naar han preikar Umvending og Bot, for utan Umvending og Bot nyttar det inkje at koma til Kristus, utan Umvending og Bot gjevst det inkje Frelse, finst det inkje Tru. Andre Gongen syner han seg som Fyregangsmannen, no daa han gjeng med Tvilen sin til Jesus Kristus og til ingen annan. Kom difyre, lat oss og ganga til Jesus med alle vaare Tvil, med alle vaare Spursmaal, han skal lækja. Det er ingen for laag, for det er nettupp dei laage, han vil reisa, det er ingen for sjuk, for det er nettupp dei sjuke, han vil lækja, og er du for laak til at slæpa deg til Kyrkja, so veit du fulla, at han er at finna alle Stader, at han stend attmed Kvila di, berre du ropar paa honom med eit angrande og naadetyrstande Hjarta, at han breider Armarne mot deg, kvar du fer, paa Veg og paa Fjell og paa Sjo. Sannelega han er inkje vand at finna. Og heve Djevelen fenget slik ei Magt yver deg, at du tvilar paa, at denne Jesus, du les um i Bibelboki, er Kristus den Guds Son, so er det inkje onnor Hjelp fyre deg enn at siga i Kne og syrpja honom i Bøni: „er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan.“ Og daa skal han minna deg um Daupen sin, um Ordet sitt, um Nattverden sin, og er du