Side:Fyregangsmannen.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Og skulde her vera sume, som tykjest kjenna seg frie, som hugheilt vil segja, at Trui og Voni og Kjærleiken er som dei skulde vera i Hjarto deira, som kjenna seg støde paa, at dei aldri skal falla — kom sjaa i Spegelen! Daa Johannes stod og døypte Jesum i Jordanelvi, daa vilde han og hava sagt for visst, at han aldri skulde fallet, men sjaa — Dagen er inkje runnen, fyrr Soli heve gladat, og det kann henda so mangt fraa Vogga til Gravi. Berre ei lit Uheppa, ein liten Motbyr, so missa me Modet strakst, so orvonast me og gløyma baade Tru og Vissa. Nei hugsa paa Johannes og døme inkje.

Det var ein Vismann i Grekland, som skal hava sagt til ein storlaaten, rik og megtug Konge, som syntest, han var den øvste og lukkelegaste av alle daudlege: „lova ingen lukkeleg, fyrr han er i Gravi si.“ Du er inkje trygg, fyrr Moldi fell paa Kisteloket; daa vaknar du — til Doms.

Dei største Pinslarvitne, dei hava og havt sine myrke Stunder, daa Tvilen er komen, skulde so me tru oss betre? Nei me maa nog triva i vaar eigen Barm og ropa: „Gud ver meg arme Syndar naadig.“[1] Me lyt nog lyda paa dei Ordi, Frelsaren talar til oss, naar han segjer: „vake og bede, at de inkje skulo koma i Freisting. Anden er viljug, men Kjøtet er veikt“;[2] me maa nog „arbeida paa vaar Frelse med Otte og Skjelving.“[3] Men ganga me ved det, at me er Syndarar, som tidt falla i Freisting, som vera modlause, det minste det myrknar kring oss, som inkje hava nokor Æra fyre

  1. Luk. 18, 13.
  2. Math. 26, 41.
  3. Phil. 2, 12.