Side:Fyregangsmannen.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kann fulla inkje lesa i Bibelen som i ei onnor Morobok, der me inkje leggja stort Lag paa, kvat dei segja elder drøsa um. Nei Bibelboki talar i kvart sitt Ord til deg og til meg og til oss alle i Hop. Kvart det Ordet Jesus talar til dei sjuke og verkbrotne og spitelske, det er eit Ord til deg, av di du er andleg sjuk og verkbroten og spitelsk, kvart det Ord han talar til Farisæarne, det er sagt til deg, soframt du er skinheilag og dyrkar Gud med Munnen og inkje med Hjartat, kvart Ordet til dei Fatige er eit Ord til deg, soframt du er fatig, andleg fatig. Naar han dømer, er det deg, han dømer, naar han reiser upp, er det deg, han reiser upp, naar han huggar og trøystar, er det deg, han huggar og trøystar. Difyre er Ordi i Bibelen slike dyre og heilage Ord, som ein aldri kann lesa og grunda i for myket.

Soleides maa og Segni i Dag vera slik ein Spegel, der me kann sjaa vaart eiget Andlit. Og kven er det vel bland oss, som kann segja med Gud og Sanning, at han aldti heve tvilt, aldri heve klagat seg fyre Gud? Maa me inkje myket meir skjemmast yver, kor vesall og laak ein Mann er, som inkje kann tru og inkje vera tru desse faae Aari, han gjeng hernede, endaa Gud leider hoonom fram gjenom Dimma og Myrkr og Vaas og Møda, og tusund og atter tusund Gongjer gjev honom Prov paa, at han er den gode Hyrdingen? Maa me inkje fæla fyre oss sjølve og tenkje: „korleides kann eg arme Syndar standa, naar Johannes, han den største fall?“