Side:Fyregangsmannen.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

at han skulde rista av seg alle denne Dumba, som hadde lagt seg paa Saali hans. Han syner honom berre dei same Gjerningar, som Johannes hadde vanvyrdt, men stutt og greidt og i all sin Storleike, og so legg han til, at den er sæl, som inkje støyter seg paa honom. Det er, liksom han vilde segja: tykjer du detta er uverdugt fyre Guds Son, at lækja dei sjuke, at retta upp dei verkbrotne, at hjelpa dei lidande, at syna dei fatige, dei i Anden fatige, Vegen til Himmelen og turka Graaten av alle Augo? Tykjer du detta er uverdugt fyre Guds Son, so lyt du tenkja upp atter og tenkja betre, til du fær det rette Syn paa, kvat det vil segja, at Guds Son er komen og vil reisa den falne Mannaætti.

Kvat gjorde no Johannes, daa han fekk dette Bod? Evangelieboki segjer inkje nokot um det; men ver viss um, at Johannes skamfull heve fallet paa sine Kne og bedet Gud tilgjeva seg Syndi si, at han heve styrkt Læresveinarne sine ved eit megtugt Vitnesmaal og synt deim burt til honom, som eien bar Frelsen i si Hand. Me kann skyna dette, av den Maaten, som Kristus talar um Johannes paa, etter at Læresveinarne hans er gjengne. For hadde han, Hjartakjennaren, visst, at Johannes vilde hardna i Villa si, so hadde han inkje talat um honom, som han gjerer, so hadde han inkje sagt, at han var største Mannen paa Jordarike.

Sjaa detta var no Segni, som Bibelen ber upp fyre oss i Dag. Kvat kann me no lære av denne Forteljing? for eitkvart maa me kunna læra, sosant det her er Gud, som talar til oss gjenom sine Reidskapar. Me