Side:Fylgjesvennen.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Bøn.

Vaar Herre og vaar Gud! me koma til deg og vil beda deg um Styrke og Magt til at kunna vera dine rette Fylgjesveinar. Av eigi Kraft kann me det inkje, det veit du, og du heve sagt oss, at me skal taka Krossen upp og fylgja deg etter. So lyt du hjelpa oss, du vaar kjære Herre og Frelsar, som er sterk i det veike, du lyt hjelpa oss til at faa ein Hug, som er viljug til at taka Krossen upp, og ein Rygg, som er sterk nog til at bera honom etter deg. Du heve fulla synt fyrr, at du kann skapa um eit Mannahjarta, du heve synt i den Flokk av Pinslarvitne, som no kransa deg som ei Sky, at Jesu Namn kann traassa Baal og Brand og Sverd og Pinslor, at Jesu Namn kann fylla Hjartat med Song midt i Sorg, med Gleda midt i Trengsla, med Takk midt i Verk og Vaade. So kom daa til oss med din Heilage-Ande, og styrk det veike Hjartat vaart til at kunna vitna um deg i Ord og Gjerd alle vaare Livedagar, hjelp oss til at kunna syngja i dei myrke Dagar so hugheilt som Luther song:

„Og taka dei vaart Liv,
Gods, Æra, Born og Viv;
Lat fara, um so er,
Me endaa Siger fær,
Guds Rike vaart skal vera.“


Tekst.
Ap. Gj. 6, 8—15 og 7, 54—60.

„Men Stefanus full av Naade og Kraft gjorde Under og store Teikn millom Folket. Men sume stoda fram, som høyrde til den Synagoga, som verd kallad