Side:Fraa Dansketidi.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kare atter. Dei løyste Mannakrafterna lyfta seg mot kvarandre som Bylgjor i Skum, den nye Trui mot den gamle Trui, Fridomshug mot Trældomshug, Bonde mot Adelsmann. Difyre gjeng og her i Boki den største lausslepte Villskapen og Raastapen jamsides med den varmaste Varnehugen og Barnekjcerleiken, med den villaste Hugleiken (Fantasi) og Lengting etter Storverk. At ganga millom desse halvmorkne Leivingarne etter Pavetrui og Vrengebilætet av Luthertrui, millom fordrukne og faakunnige Prestar og slø elder vill og sterk Aalmuge, millom danske Herrar, som tråa etter Kyrkjesylv og rike Gifte, og norske Adelsmenner, som drøyma um at reisa den gamle Fridomen, millom Heksebaal og Hallingdans, grøvste Ovtru og solvarm Barnetru, villaste Ufred og stillaste Husfred — det er som at snu seg i Draugedans.

Domen yver denne Boki vil inkje verda likeins. Dei, som no setja vaart Aarhundrad fram som det gildaste av alt gildt og sjaa med Vanvyrdnad ned paa alt det gamle, dei vil tykja, eg skildrar for ljost; og dei, som inkje kann sjaa nokot godt i vaar Tid men lova alt det gamle, berre fyredi det er gamalt, dei vil tykja eg skildrar for svart. Til deim baade kann eg berre svara at eg heve strævat etter at skildra sanferdelegt, anten det no var so elder so, anten det fall meg tungt elder lett. Boki er etter mi Meining likso myket eit Sagaverk som eit Diktarverk; ho er ei brokutt Rad av Bilæte fraa det sekstande Aarhundradet med Sjauaars-Ufreden som Bakgrunn og korkje meir elder minder. Detta er og Orsak til det, som vil harma so mange Romanlesarar og so mange Smaksdomarar, som vil hava alle Bøker paa eit Slag naglade paa same Krossen, — at det inkje finst ein „Helt“ elder ei „Heltinna“ i Boki, men at Samhugen dreg seg til fleire Smaahopar, som utvikla seg jamsides. Men naar eg skulde skildra Tidi sannferdelegt, soleides som eg ser henne, so kunde eg inkje gjera annat. Ein „Helt“ i ei Saga-Roman, som spanar seg kring heile Landet, krev Stortankar, som er framme i den Tidi, og som hava Magt til at samla dei andlegt vakte anten med elder mot.